Diskusjonsoppgave

Passer for

  • fysikk 1

Overføring av elektrisk energi

I følgje Ohms lov gir høg spenning sterk elektrisk straum. Kan vi bruke Ohms lov på overføringsleidningar for elektrisk straum?

Dersom det er tilfelle: Korleis kan elektrisk effekt overførast med høg spenning og relativt svak elektrisk straum i overføringsleidningane?

Grubleoppgave om elektrisitet: Overføring av elektrisk energi 1

Faglig forklaring

Ja, vi kan bruke Ohms lov på leidningar som overfører elektrisk straum.

Den høge spenninga som karakteriserer overføringsleidningar, er mellom to parallelle og nærliggjande leidningar, ikkje mellom endane på leidningane. Den relativt lave spenninga mellom endane på ein enkelt leidning og den svake straumen, fører til lågt effekttap i leidningane. Den mykje høgare effekten som likevel blir levert av overføringsleidningane, er spenninga mellom dei parallelle leidningane multiplisert med straumen gjennom dei. Denne effekten blir overført til forbrukar, der straumen og spenninga igjen oppfører seg i tråd med Ohms lov.

 

Grubleoppgave om elektrisitet: Overføring av elektrisk energi 2

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

  • Fysikk 1
    • Klassisk fysikk
      • definere begrepene strøm, spenning og resistans, og bruke prinsippene om bevaring av ladning og energi på enkle og forgreinede likestrømskretser