naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Besøk oss på:
Diskusjonsoppgave
Passer for
- ungdomstrinn 8-10
- fysikk 1
Straum frå bilbatteri
Tre heilt like lamper med resistansen 12 ohm blir kopla til eit 12 V bilbatteri slik demonstrasjonen til høgre viser.
- Kva blir straumen i kvar lampe?
- Kor stor blir spenninga over kvar lampe?
- Kor stor effekt blir omsett i kvar lampe?
- Korleis blir effekten endra i lampe C dersom lampe A blir skrudd ut?
- Kva hender med effekten i lampe A dersom lampe C ikkje verkar?
Faglig forklaring
Svar: 1,0 A; 12 V; 12 W; inga endring; inga endring
1. Ut frå Ohms lov blir straumen i lampe A og lampe B 0,5 A. Lampe C har straumen 1,0 A.
2. Spenninga over lampe A og lampe B er 6 V kvar (12 V over begge). Spenninga over lampe C er difor 12 V.
3. Effekten i A er 3 W (P=UI), 3 W i B. Effekten i C er 12 W.
4. Inga endring, fordi spenninga er den same.
5. Inga endring, fordi spenninga er den same.
Tilknytning til utgående læreplan (LK06)
Læreplan i naturfag
- Etter 10. årstrinn
- Fenomener og stoffer
- bruke begrepene strøm, spenning, resistans, effekt og induksjon til å forklare resultater fra forsøk med strømkretser
- Fenomener og stoffer
Læreplan i fysikk - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram
- Fysikk 1
- Klassisk fysikk
- definere begrepene strøm, spenning og resistans, og bruke prinsippene om bevaring av ladning og energi på enkle og forgreinede likestrømskretser
- Klassisk fysikk