Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Samarin og Nyco

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om boblene som blir danna når Samarin, Nyco eller Link blir lagt i eit glas med vatn, og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Når vi slepp Samarin, Nyco (eller tilsvarande) ned i eit glas vatn, blir det danna ein gass frå eit fast stoff og ei væske. For elevane kan dette anten forklarast med at stoffa gjennomgår ei faseovergang eller at det skjer ein kjemisk reaksjon. Faseovergangar er reversible. Dei er mellombelse endringar, og berre vilkåra er dei rette, kan vi kome tilbake til utgangspunktet. Mange kjemiske reaksjonar fører til varige endringar. Det betyr at prosessen ikkje kan reverserast. Når Samarin eller Nyco reagerer med vatn, skjer det ei varig, kjemisk forandring.

Kommentarer/praktiske tips

Det er ikkje lett å vise akkurat kvar boblene kjem frå. Ein nyttig innfallsvinkel kan vere å la elevane finne ut kva for stoff Samarin eller Nyco er laga av. Deretter kan dei undersøkje liknande stoff og reaksjonar. Det kan for eksempel vere reaksjonen mellom eddik og bakepulver eller reaksjonen mellom sink og saltsyre. Dersom elevane samlar opp gassane frå forsøka, kan dei undersøkje kva for gassar det er. For Nyco vil dei sjå at CO2 ikkje var eit av utgangsstoffa.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjennomføre forsøk med ulike kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem
  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • undersøke egenskaper til noen stoffer fra hverdagen og gjøre enkle beregninger knyttet til fortynning av løsninger