Diskusjonsoppgave

Levande lys

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om kva som skjer når stearinlys brenn, og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Alle har sett eit stearinlys brenne, men det er ikkje alle som veit kva som skjer når lyset brenn. Mange trur at det er veiken som brenn og at stearinen er der for å halde veiken på plass. Slik er det ikkje, både stearinen og veiken brenn. Smelta stearin er lett å sjå, men det er ikkje lett å sjå at han brenn opp.

Kommentarer/praktiske tips

Ved å observere at det stadig blir mindre stearin igjen når lys brenn, lurer kanskje elevane på kvar stearinen blir av. Dersom elevane samlar opp gass frå det brennande lyset, vil dei ikkje få kondensert stearin. På den måten kan dei erfare at stearinen ikkje har fordampa, men at han er brunnen opp. Ved å lage små stearinlys der dei byter ut veiken med litt papir eller ein liten pinne, kan elevane undersøkje både funksjonen(e) til stearinen og veiken.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Forskerspiren
      • formulere naturfaglige spørsmål om noe eleven lurer på, foreslå mulige forklaringer, lage en plan og gjennomføre undersøkelser
    • Fenomener og stoffer
      • gjennomføre forsøk med ulike kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem
  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • undersøke egenskaper til noen stoffer fra hverdagen og gjøre enkle beregninger knyttet til fortynning av løsninger