Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10

Sure appelsinar

Dersom det er sitronsyre i appelsinar, kvifor er dei ikkje giftige? Diskuter utsegnene i grubleteikninga, og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Sure appelsiner

Faglig forklaring

Det er lett å få inntrykk av at alle syrer er farlege, men er dei det? Og kva betyr det eigentleg at noko er surt? Media skil sjeldan mellom dei syrene som er både giftige og sterke, som for eksempel svovelsyre, og svake syrer som sitronsyre og eddik. Ordet giftig er i seg sjølv litt problematisk, fordi alle stoff kan vere giftige eller skadelege berre dosen er stor nok.

Kommentarer/praktiske tips

Det er ingen god idé å smake på eit stoff for å finne ut om det er giftig. Men elevane kan undersøkje om matvarer som for eksempel sitron, appelsin og eddik har dei same eigenskapane som syrer. Det blir danna CO2-gass når syrer reagerer med kalsiumkarbonat, og ulike syrebaseindikatorar har bestemte fargar ved ulike surleikar i løysinga. Det er viktig at elevane veit at nokre syrer reagerer kraftigare enn andre og at det ikkje alltid er konsentrasjonen til syra som har mest å seie.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • utforske kjemiske reaksjoner, forklare massebevaring og gjøre rede for betydninger av noen forbrenningsreaksjoner (KM838)