Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 1-2
  • barnetrinn 5-7

Kondensering

Diskuter utsegnene om kondensering på eit vassglas i grubleteikninga, og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Sjølv om alle har sett at vatn kondenserer på kalde flater, er det mange som ikkje veit at dette vatnet kjem frå lufta rundt oss. Vassdampen i luft er vanlegvis ikkje synleg. Når det er varmt, held vassdampen seg i lufta, men dersom det er kjølig eller kaldt kan noko av vatnet kondensere til vassdropar, for eksempel som dogg på gras. Eit glas med isvatn er vanlegvis kaldt nok til at vassdampen i lufta kondenserer til vassdropar utanpå glaset.

Kommentarer/praktiske tips

For å undersøkje korleis kondens oppstår og kvar vatnet kjem frå, kan elevane observere kva som skjer når dei tek eit iskaldt glas ut av ein frysar. Då vil dei sjå at vassdropane som dukkar opp verken skuldast isbitane eller vatnet som var i glaset på teikninga. Elevane kan gjere forsøk der dei samanliknar kor mykje vatn som kondenserer på glaset når det er vindstille, vind, varmt og fuktig. På den måten kan dei sjå korleis ulike faktorar påverkar kor mykje vassdamp som kondenserer.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 2. årstrinn
    • Forskerspiren
      • beskrive, illustrere og samtale om egne observasjoner fra forsøk og fra naturen
    • Fenomener og stoffer
      • gjøre forsøk med vann og lys og samtale om observasjonene
  • Etter 7. årstrinn
    • Forskerspiren
      • formulere naturfaglige spørsmål om noe eleven lurer på, foreslå mulige forklaringer, lage en plan og gjennomføre undersøkelser
    • Fenomener og stoffer
      • beskrive sentrale egenskaper ved gasser, væsker, faste stoffer og faseoverganger ved hjelp av partikkelmodellen