Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7

Saltvatn

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om å løyse salt i vatn, og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Oppløysing av eit stoff i ei væske er avhengig av rørslene til partiklane i væska. Når temperaturen i væska stig, rører væskepartiklane seg raskare. Dette gjer at saltet blir løyst opp raskare i varmt vatn enn i kaldt vatn. Mange trur at salt ikkje kan løysast opp i kaldt vatn. Det er feil! Salt blir løyst relativt lett i kaldt vatn, men litt meir salt vil kunne løysast i tilsvarande mengd varmt vatn, fordi partiklane blir spreidde lettare i den varme løysinga.

Kommentarer/praktiske tips

Elevane kan måle kor lang tid det tek å løyse opp ei gitt mengd salt i vatn med ulike temperaturar. Då kan dei undersøkje samanhengen mellom temperatur og løyseevne. Nøyaktig kor mykje salt som kan løysast opp, og om salt i det heile teke kan løysast i kaldt vatn, krev meir nøyaktige målingar. Det er mogeleg å måle kor mykje salt som etter ei gitt tid ikkje har løyst seg i vatnet, alternativt kan vatnet dampast bort for å sjekke kor mykje salt som er løyst opp i vatnet. I denne aktiviteten kan elevane vurdere andre faktorar som er viktige for kor raskt salt blir løyst opp i vatn. Ein slik faktor er røring. Dei kan også undersøkje korleis andre stoff enn salt oppfører seg når dei freistar å løyse stoffa i vatn.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Forskerspiren
      • formulere naturfaglige spørsmål om noe eleven lurer på, foreslå mulige forklaringer, lage en plan og gjennomføre undersøkelser
    • Fenomener og stoffer
      • beskrive sentrale egenskaper ved gasser, væsker, faste stoffer og faseoverganger ved hjelp av partikkelmodellen
      • gjennomføre forsøk med ulike kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem