Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7

Stetoskop

Kva skjer med lyden dersom du knyter ein knute på stetoskopet? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Ei vanleg kvardagsførestelling er at lyd er ein substans som flytter seg og at lyden dermed må ha fri veg frå sendar til mottakar. Dersom dette var tilfellet, ville det ikkje vore mogeleg å høyre lyd rundt hjørne eller gjennom vegger. Lyd kan leiast via harde stoff, væsker og gassar. Knuten på stetoskopet hindrar ikkje lyden i å bre seg sjølv om den kan forvrengje lyden noko.

Kommentarer/praktiske tips

Elevane kan undersøkje situasjonen på teikninga ved å studere korleis forskjellige materiale leier lyd. Dei kan plassere ei tikkande klokke i ei pappeske og lytte til lyden gjennom pappeska ved å bruke trepinnar, metallstenger og plasttubar som stetoskop. Ved å bruke både rette og krumme gjenstandar, med og utan ”knute”, kan elevane finne ut om det har noko å seie for lydbiletet. Blant anna kan ein springfjør nyttast som stetoskop for å teste ut korleis ”knutar” påverkar lyden.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 4. årstrinn
    • Forskerspiren
      • bruke naturfaglige begreper til å beskrive og presentere egne observasjoner, foreslå og samtale om mulige forklaringer på det man har observert
    • Fenomener og stoffer
      • utforske fenomener knyttet til luft og lyd, beskrive observasjonene og foreslå forklaringer
  • Etter 7. årstrinn
    • Forskerspiren
      • formulere naturfaglige spørsmål om noe eleven lurer på, foreslå mulige forklaringer, lage en plan og gjennomføre undersøkelser
    • Fenomener og stoffer
      • undersøke fenomener knyttet til lyd, hørsel og støy, diskutere observasjonene og forklare hvordan lyd kan skade hørselen