Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10

Raske fly

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om akselerasjon, fart og reisetid, og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Temaet i denne grubleteikninga er samanhengen mellom akselerasjon, fart og reisetid. Reisetid avheng av farten, ikkje av akselerasjonen. Gjennomsnittsfart er strekning dividert på tid (talet på meter per sekund). Det er ingen samanheng mellom høg akselerasjon og høg gjennomsnittsfart. Dersom gjennomsnittsfarten er høg, blir reisetida kortare.

Kommentarer/praktiske tips

For å utforske denne situasjonen kan elevane for eksempel sykle ein bestemt avstand med høg og låg fart, og sjå at dei bruker lengre tid på same avstand dersom farten er låg. To elevar kan også sykle den same avstanden med same fart, men der den eine bruker lengre tid på å kome opp i denne farten (låg akselerasjon). Dersom dei for eksempel syklar 100 meter, vil dei likevel kome fram nesten samtidig.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjøre rede for begrepene fart og akselerasjon, måle størrelsene med enkle hjelpemidler og gi eksempler på hvordan kraft er knyttet til akselerasjon