Diskusjonsoppgave

Elefantføter

Gjer det vondt dersom ein elefant tråkkar deg på tærne? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Temaet i denne teikninga er relasjonen mellom vekt (tyngdekraft), areal og trykk. Trykk er forholdet mellom vekt og areal. Dersom vekta blir fordelt over eit stort areal, blir trykket lite. Elefantar har stor vekt, men sidan føtene har stort overflateareal, vil ikkje trykket, og dermed heller ikkje skadane, bli så store som ein kanskje skulle tru dersom ein elefant tråkkar oss på foten. Trykket avgjer kor vondt vi får, meir enn vekta i seg sjølv.

Kommentarer/praktiske tips

Elevane kan leite opp informasjon om gjennomsnittsvekta og storleiken på føtene til ein vaksen elefant. Dei kan så undersøkje situasjonen på teikninga ved å berekne trykket frå ein av dei fire føtene til elefanten (divider vekta på arealet og del på fire, sidan elefanten har fire føter). Læraren kan også trekkje parallellen til ein teiknestift: det blir ganske stor kraft på den spisse enden når vi trykkjer med stor kraft på sjølve hovudet til teiknestiften.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.