Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10

Fotball

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om kva krefter som verkar på ein fotball, og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Ei vanleg kvardagsførestilling er at gjenstandar som flytter seg har ein ibuande kraft som driv dei framover. Når vi sparkar ein ball opp i lufta, verkar det inga skuvekraft på ballen etter at han har forlate foten vår. Mange elevar trur at det er ein ibuande kraft som svinn og blir null idet ballen når toppen av bana. Dette er ein annan størrelse enn kraft, nemleg bevegelsesmengde. Når ballen er på veg oppover, er det berre gravitasjonen og luftmotstanden som verkar, og dei verkar begge nedover og bremsar ballen. Når ballen når det høgaste punktet sitt, er han i ro. Då verkar berre gravitasjonskrafta, men ingen luftmotstand. Når ballen er på veg nedover igjen, verkar som alltid gravitasjonskrafta nedover, men luftmotstanden verkar no oppover. Vi kan avgjere kva veg luftmotstanden (og anna friksjon) verkar ved å tenkje at den alltid freistar å motverke den rørsla som finn stad.

Kommentarer/praktiske tips

Det er ikkje lett å måle ei eventuell kraft på ballen direkte. Ta heller utgangspunkt i diskusjonen i grubleteikninga «rullebrett» og resonner saman med elevane.

For ivrige elevar kan du trekke inn unnsleppingsfart. Eit mogleg svar til elevar som tenker at det må verke ei kraft i bevegelsesretninga til ballen er eit nytt spørsmål; Kvar kjem denne krafta frå?

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjøre rede for begrepene fart og akselerasjon, måle størrelsene med enkle hjelpemidler og gi eksempler på hvordan kraft er knyttet til akselerasjon