Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 3-4
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1

Svarttrostungar

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om populasjonsvekst, og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Kvart hekkande fuglepar må i gjennomsnitt produsere to avkom som overlever og dei igjen må få avkom. Er reproduksjonsraten lågare, blir det færre individ i populasjonen. Ved høgare reproduksjonsrate aukar talet på individ. Populasjonen kan då overskride bereevna til området, med ein etterfølgjande nedgang i populasjonen. Svarttrostpopulasjonen vil variere litt frå år til år. Men eit stort tal fugleungar vil sannsynlegvis bety at fleire vil bli etne eller døy av svolt i løpet av vinteren.

Kommentarer/praktiske tips

Resultata frå observasjonar av populasjonar over lang tid vil vere med på å klargjere kva for ein moglegheit som er mest sannsynleg. Vi kan modellere populasjonsendringar ved hjelp av enkel rekning eller med eit dataprogram. Dette kan demonstrere konsekvensane av at for mange eller for få avkom når reproduktiv alder.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 4. årstrinn
    • Mangfold i naturen
      • samtale om og sammenligne livssyklusen til noen plante- og dyrearter
  • Etter 10. årstrinn
    • Mangfold i naturen
      • undersøke og registrere biotiske og abiotiske faktorer i et økosystem i nærområdet og forklare sammenhenger mellom faktorene
  • Etter Vg1 - studieforberedende utdanningsprogram
    • Bærekraftig utvikling
      • gjøre rede for faktorer som virker inn på størrelsen til en populasjon
  • Etter Vg1 - yrkesfaglige utdanningsprogram
    • Bærekraftig utvikling
      • gjøre rede for faktorer som virker inn på størrelsen til en populasjon