Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Kaktuspiggar

Kvifor har kaktus piggar? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Kaktuspigger

Faglig forklaring

Kaktuspiggar viser tilpassing til eit hardt miljø på meir enn ein måte. Det lille overflatearealet hjelper plantene å minimalisere vasstapet, og dei spisse endane hindrar at den saftige stengelen/stammen blir spist. Kaktusar driv fotosyntese, dei får ikkje maten sin frå jorda. Sjølv om planter har eit vidt spekter av metodar å reprodusere på, veks det vanlegvis ikkje opp nye planter frå kaktuspiggar.

Kommentarer/praktiske tips

Nokre enkle praktiske undersøkingar kan vere nyttig. Elevane kan plante kaktuspiggar for å sjå om dei veks opp til nye planter. Dei kan plante kaktusar i vaska grus slik at plantene ikkje kan få mat frå jorda. Dette vil skaffe direkte bevis for desse to moglegheitene. Elevane kan undersøke dei andre påstandane ved å lese relevante tekstar, dataprogram og nettressursar.

 

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 4. trinn
      • utforske og sammenligne ulike dyre- og plantearters tilpasninger til miljø og levesteder og drøfte hvorfor noen arter dør ut (KM801)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)