Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 3-4
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1

Kaninar og revar

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om populasjonsstorleikar, og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Dyr og planter vel ikkje sjølv å organisere seg i næringskjeder. Populasjonsstorleiken til alle dyr er bestemt av faktorar som mattilgang, mengda mat som dyra treng, reproduksjonsraten, alder ved kjønnsmodning og i kva grad dei blir etne av andre dyr. I dette tilfellet er ein stor populasjon med kaninar nødvendig for å oppretthalde ein liten revepopulasjon. Reproduksjonsraten til kaninane må vere høgare enn revane si dersom kaninane skal overleve.

Kommentarer/praktiske tips

Elevane kan modellere endringar i populasjonar med predator og byttedyr, slik som kaninar og revar, ved å bruke enkel rekning eller med bruk av eit dataprogram. Det vil vise korleis dei to populasjonane samverkar.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • utforske og beskrive ulike næringsnett og bruke dette til å diskutere samspill i naturen (KM781)
    • 10. trinn
      • utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)
      • gi eksempler på og drøfte aktuelle dilemmaer knyttet til utnyttelse av naturressurser og tap av biologisk mangfold (KM810)