Diskusjonsoppgave

Passer for

  • ungdomstrinn 8-10

Brødbaking

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om mikroorganismar i deig, og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

To kvardagsførestillingar er at alle mikroorganismar er skadelege og at mikroorganismar er det same som bitte små udyr. Ein deig hevar fordi karbondioksid blir frigitt ved nedbryting av sukker i dei mikroskopiske gjærcellene. Til forskjell frå andre mikroorganismar som får mat til å mugne eller gjere oss sjuke, er gjær eit eksempel på ein nyttig mikroorganisme. Meitemakkar og vevkjerringar kan vi sjå med det blotte auget, så dei er ikkje mikroorganismar.

Kommentarer/praktiske tips

Vi kan undersøke verknaden av gjær på sukker under ulike vilkår. Det er fascinerande å sjå på danninga av karbondioksid i ei sukkerløysing blanda med litt tørrgjær. Det same er ein deig som hever seg. Med eit enkelt mikroskop kan vi lett sjå gjærceller. Dette kan leie til undersøkingar knytt til vekstraten til gjærcellepopulasjonen under ulike vilkår.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Mangfold i naturen
      • beskrive oppbygningen av dyre- og planteceller og forklare hovedtrekkene i fotosyntese og celleånding

Bakgrunnsstoff