Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 1-2
  • barnetrinn 5-7

Meitemark

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om meitemarken sin levestad og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Dyr er tilpassa til kvar og korleis dei lever. Meitemark er tilpassa eit liv nede i jorda. Ei slik livsform gjer dei mindre utsett for å bli etne av for eksempel fuglar, dei får regelmessig tilgang til mat (blad og anna organisk materiale) og dei unngår uttørking. Meitemark kan ikkje sjå i mørkret. Dei har auge som registrerer dagslys, og desse auga hjelper meitemarkane å registrere dagslys nær jordoverflata. Det er ein fordel ettersom det å vere nær overflata gjer det meir sannsynleg å bli etne av fuglar.

Kommentarer/praktiske tips

Ved å gjere observasjonar i jord som er graven opp kan elevane sjå kor farleg det er for meitemark å vere synleg nær overflata. Dei blir lett byte for fuglar. I eit meitemarkterrarium kan vi observere korleis meitemarken skaffar seg mat. Meitemarkar trekker blad og lauv ned i gangar i jorda. Korleis meitemarkane reagerer på lys kan vi observere ved å lyse på dei og notere reaksjonen. Ved å gjere desse undersøkingane kan elevane reflektere over korleis bygningstrekk og åtferd til meitemarkane gjer dei godt tilpassa eit liv nede i jorda.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 2. årstrinn
    • Mangfold i naturen
      • gjenkjenne og beskrive noen plante- og dyrearter i nærområder og sortere dem i grupper
  • Etter 7. årstrinn
    • Mangfold i naturen
      • beskrive kjennetegn på noen plante-, sopp- og dyrearter og ordne dem systematisk