Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 1-2
  • barnetrinn 5-7

Kvar er månen om dagen?

Diskuter utsegnene om månen i grubleteikninga, og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Månen kjem fram på himmelen til forskjellig tid kvar dag, og posisjonen på himmelen endrar seg. Han bruker litt meir enn 29 dagar før vi kan observere den på same stad på himmelen. Nokre gonger kan vi sjå månen om dagen, samtidig med sola. Det er avhengig av kor nær sola og månen står på himmelen.

Kommentarer/praktiske tips

Elevane kan observere månen sin posisjon på same tid kvar dag gjennom ein tidsperiode. Han vil følgje eit regelmessig mønster som kan bli føresagt. Då blir det klart for elevane at månen vil vere synleg på dagtid i periodar i kvar månad.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 2. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • beskrive og illustrere hvordan jorda, månen og sola beveger seg i forhold til hverandre, og fortelle om årstider, døgn og månefaser
  • Etter 7. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • bruke animasjoner og andre modeller til å beskrive planetenes og månens bevegelser, og forklare hvordan årstider og månefaser oppstår