Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 1-2

Kvifor skin månen?

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om kvifor månen skin, og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Ei vanleg kvardagsførestilling er at månen sender ut sitt eige lys. Slik er det ikkje. Det er berre stjerner (som sola vår) som sender ut sitt eige lys. Ingen planetar eller månar lagar sitt eige lys. Månen vår reflekterer det sollyset som treff måneoverflata. Månen vender alltid den same sida mot oss, fordi den roterer rundt sin eigen akse akkurat like fort som den går rundt jorda.

Kommentarer/praktiske tips

Elevane kan studere månen i ein kikkert for å finne prov for at månen ikkje lagar sitt eige lys. Då vil dei lettare kunne sjå den mørke delen av månen. Dersom månen hadde laga sitt eige lys, ville heile månen lyst og ikkje berre den synlege delen.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 2. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • beskrive og illustrere hvordan jorda, månen og sola beveger seg i forhold til hverandre, og fortelle om årstider, døgn og månefaser
  • Etter 7. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • bruke animasjoner og andre modeller til å beskrive planetenes og månens bevegelser, og forklare hvordan årstider og månefaser oppstår