Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 1-2

24 timar – eit døgn

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om kva som skjer på eit døgn og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: 24 timer - et døgn

Faglig forklaring

Jorda roterer rundt sin eigen akse éin gong i døgnet. I eit døgn er det 24 timar. Den sida av jorda som sola skin på har dag, og skuggesida har natt. Derfor får vi dag og natt éin gong kvart døgn.

Jorda har ingen fysisk akse, men vi førestiller oss at jorda roterer om ein akse, omtrent som aksen som går gjennom ein globus, eller om du tenkjer at jorda er som ein appelsin og aksen ein strikkepinne du stikk gjennom den. Vi kan tenkje oss at denne aksen går gjennom jorda og kjem ut ved Nordpolen og Sydpolen. Dersom vi forlengjer aksen frå Nordpolen og ut i verdsrommet, peikar den alltid mot same punkt på himmelen. Dette punktet kallar vi himmelen sin nordpol. Her finn vi Polarstjerna eller Himmelnaglen, omsett frå samisk.

Kommentarer/praktiske tips

Jorda roterer frå vest mot aust, derfor ser det ut som om sola flytter seg i motsett retning over himmelen. I daglegtalen seier vi at sola står opp i aust og går ned i vest, men dette skuldast altså at jorda roterer og ikkje at sola flytter seg over himmelen. Vi kjenner ikkje at jorda roterer, enda det går svært fort. Dersom du står ved ekvator, flytter du deg med omtrent 1650 km/t. Atmosfæren rundt jorda følgjer med i rotasjonen, slik at det kjennest ut som om du står stille. Det er ikkje lett å vise eksperimentelt at jorda roterer ein gong i løpet av 24 timar. Tankeeksperiment og modellar kan knytast opp til erfaringar om dag og natt og hjelpe på forståinga.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • beskrive og visualisere hvordan døgn, månefaser og årstider oppstår, og samtale om hvordan dette påvirker livet på jorda (KM803)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)