Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 1-2
  • ungdomstrinn 8-10

Solbriller og snø

Diskuter utsegnene om sollys og refleksjon i grubleteikninga, og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Når vi går på ski, kan vi lett bli solbrente fordi den kvite snøen reflekterer sollyset betre enn bakken gjer når det ikkje er snø. Lyset som blir reflektert frå snøen, aukar mengda stråling som treffer huda og auga våre. Det er derfor viktig å bruke solbriller og solkrem også om vinteren. Alt lyset kjem opphavleg frå sola. Snøen verken produserer eller lagrar lys, men han reflekterer sollyset.

Kommentarer/praktiske tips

Dersom vi har eit apparat som måler lysmengd, kan vi måle lysmengd under forskjellige forhold og utforske korleis snø og is reflekterer sollyset. Det er mogeleg å samanlikne mengda lys som treffer snøen på ein solfylt dag og samanlikne denne med mengda som blir reflektert. Elevane kan ta med litt snø inn i eit mørkt rom, og dei kan teste ut om snø og is lagrar eller produserer lys.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 2. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjøre forsøk med vann og lys og samtale om observasjonene
  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjennomføre forsøk med lys, syn og farger, og beskrive og forklare resultatene

Læringsressurs