Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 1-2
  • ungdomstrinn 8-10

Kvit katt

Vil ein kvit katt vere synleg i eit mørkt rom? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Hvit katt

Faglig forklaring

To vanlege kvardagsførestillingar er at auga til katten lyser i mørket og at vi kan sjå kvite gjenstandar sjølv når det er heilt mørkt. Utan lys vil vi verken sjå ein kvit katt eller auga hans. Auga og pelsen til katten er begge overflater som reflekterer lys, og vi kan sjå katten når dette lyset treff auga våre. Dersom det ikkje er noko lys i det heile tatt, kan vi ikkje sjå nokon ting, fordi verken auga eller pelsen til katten produserer sitt eige lys.

Ein katt kan heller ikkje sjå når det er heilt mørkt. Kattar har noko som minner om bitte små ”refleksbrikker” i auget som forsterkar lyset slik at han kan sjå betre enn oss når det er lite lys til stades. Det er denne eigenskapen ved auga til katten som gjer at auga tilsynelatande ”gløder” som ein refleks når vi lyser på ein katt om natta. Auga til rovdyr som fangar nattaktive byttedyr, har denne eigenskapen.

Kommentarer/praktiske tips

For å teste ut dei ulike påstandane i teikninga må elevane ha tilgang til eit absolutt mørkt rom. Eit rom utan vindauge er ideelt, men det er også mogleg å lage eit ”mørkerom” ved å bruke ei stor pappeske eller ved å falde ut eit stort svart tøystykke over eit bord. Ver nøye med at ikkje noko lys slepp inn! Elevane kan teste ut om dei ser gjenstandar med forskjellig overflate inne i mørkerommet. Test også ut eigenskapane til ein refleks i mørkerommet!

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Læringsressurs