Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 1-2
  • ungdomstrinn 8-10

Å sjå i mørket

Kan du sjå i mørket? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Ein vanleg kvardagsførestilling er at det er mogleg å sjå i mørket. Denne førestillinga blir styrkt av at vi sjeldan opplever stummande mørke. Sjølv om auga våre til ein viss grad kan venne seg til lysforholda, kan vi berre sjå når det er noko lys som treff auget. Når det er svakt lys, tilpassar auga seg ved å utvide pupillane. Da kan auget samle meir lys slik at lysmengda som treff netthinna inne i auget aukar. I stummande mørke ser vi ingenting. Dersom vi skal kunne sjå, må vi lyse med for eksempel ei lommelykt. Når lyset frå lommelykta treff ein gjenstand, blir mykje av lyset reflektert. Dersom noko av det reflekterte lyset treff auget vårt, vil det bli danna eit bilde av gjenstanden på netthinna.

Kommentarer/praktiske tips

For å teste ut dei ulike påstandane i teikninga må elevane ha tilgang til eit absolutt mørkt rom. Eit rom utan vindauge er ideelt, men det er også mogleg å lage eit ”mørkerom” ved å bruke ei stor pappeske eller ved å falde ut eit stort svart tøystykke over eit bord. Ver nøye med at ikkje noko lys slepp inn! Elevane kan teste ut om dei ser gjenstandar med forskjellig overflate inne i mørkerommet. Test også ut eigenskapane til ein refleks i mørkerommet!

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 2. årstrinn
    • Forskerspiren
      • beskrive, illustrere og samtale om egne observasjoner fra forsøk og fra naturen
    • Fenomener og stoffer
      • gjøre forsøk med vann og lys og samtale om observasjonene
  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • gjennomføre forsøk med lys, syn og farger, og beskrive og forklare resultatene

Læringsressurs