Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7

Eggerøre

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om grunnstoff, kjemisk sambinding og blanding, og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Føremålet her er at elevane skal få ei forståing for omgrepa grunnstoff, kjemisk sambinding og blanding. Grunnstoff er reine stoff som består av berre éin type atom. Kjemiske sambindingar er også reine stoff, men dei består av to eller fleire typar atom som er bundne saman. I blandingar finn vi to eller fleire stoff. Ei legering er eit eksempel på ei blanding av fleire typar atom. Saft og vatn er ein blanding av mange stoff, blant anna sukker, vatn, farge- og smaksstoff. Egg består også av fleire stoff. Denne blandinga av stoff endrar seg kjemisk når eggerøra blir varma opp.

Kommentarer/praktiske tips

Det er lett å vise at dei ulike stoffa i eggerøre ikkje kan skiljast frå kvarandre etter at blandinga er steikt. Ei god tilnærming her kan vere å jobbe med definisjonane av grunnstoff, kjemiske sambindingar og blandingar. Deretter kan elevane freiste å finne ut noko om stoff som finst i egg, og dei kan undersøkje korleis plomma og eggekviten kvar for seg blir påverka av oppvarming.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • forklare hvordan stoffer er bygd opp, og hvordan stoffer kan omdannes ved å bruke begrepene atomer og molekyler
  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • undersøke egenskaper til noen stoffer fra hverdagen og gjøre enkle beregninger knyttet til fortynning av løsninger