Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7

Tekanne

Vil teen halde seg varm i alle slags tekanner? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Her er hensikta å observere kor raskt temperaturen endrar seg på grunn av energioverføring som varme til omgivnadene. Energitapet frå tekanna er avhengig av faktorar som tjukkleiken til tekanna (det tar lengre tid å kjøle ned ei tjukk kanne enn ei tynn kanne), kva for stoff ho er laga av (metall leier varmeenergi godt) og farge (mørke fargar mistar energi raskare enn lyse fargar). Samspelet mellom fleire av desse faktorane vil påverke kor nøyaktig elevane kan beskrive resultatet.

Kommentarer/praktiske tips

Elevane kan undersøke ulike tekanner som er fylte med vatn. Dei kan måle kor raskt temperaturen søkk med eit termometer. Ulike behaldarar som er fylte med vatn kan brukast for å sjå på kvar faktor (tjukkleik, materiale, farge) for seg.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Forskerspiren
      • formulere naturfaglige spørsmål om noe eleven lurer på, foreslå mulige forklaringer, lage en plan og gjennomføre undersøkelser
      • samtale om hvorfor det i naturvitenskapen er viktig å lage og teste hypoteser ved systematiske observasjoner og forsøk, og hvorfor det er viktig å sammenligne resultater
  • Etter 10. årstrinn
    • Forskerspiren
      • formulere testbare hypoteser, planlegge og gjennomføre undersøkelser av dem og diskutere observasjoner og resultater i en rapport
    • Fenomener og stoffer
      • gjøre forsøk og enkle beregninger med arbeid, energi og effekt