Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7

Brus

Blir ei brusflaske lettare når du tek av korken? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Ei vanleg kvardagsførestelling er at gassar ikkje veg noko, eller at gassar har oppdrift i seg sjølv. Når vi skrur korken av ei brusflaske, går litt CO2-gass frå brusen ut i lufta. Som alle andre stoff består CO2-gass av partiklar. Gasspartiklane er veldig små, men dei veg likevel noko. Derfor vil ei opna brusflaske vege litt mindre enn ei uopna. Noko luft kan løyse seg i brusen etter at flaska er opna, men likevel vil den opna flaska vege mindre enn den uopna flaska.

Kommentarer/praktiske tips

Med ei veldig følsam vekt vil du kunne måle ei vektendring når flaska blir vege uopna og opna. Dersom du ikkje har tilgang til ei følsam vekt, kan du bruke ei balansevekt. Ved å hengje ei brusflaske på kvar side, vil du kunne registrere ein forskjell i vekt når den eine flaska blir opna. Det tek ei stund før det meste av CO2-gassen går ut av flaska. For å unngå at noko av brusen fordampar, kan det vere lurt å plassere ein bomullsdott i flaskeopninga.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere opp.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Forskerspiren
      • formulere naturfaglige spørsmål om noe eleven lurer på, foreslå mulige forklaringer, lage en plan og gjennomføre undersøkelser
    • Fenomener og stoffer
      • beskrive sentrale egenskaper ved gasser, væsker, faste stoffer og faseoverganger ved hjelp av partikkelmodellen