Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 5-7

Jord

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om kor raskt vatn blir drenert gjennom jordsmonnet, og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Kor raskt vatn blir drenert gjennom jordsmonnet avheng av kor tettpakka jordpartiklane er. Jo større jordpartiklar og jo meir plass det er mellom jordpartiklane, desto raskare vil vatnet renne nedover i jordsmonnet. Eksempelvis vil sand bestå av større partiklar med fleire og større mellomrom mellom partiklane enn leire som inneheld små partiklar som ligg relativt tettpakka. Vatn vil derfor renne raskare gjennom sand enn leire.

Kommentarer/praktiske tips

Elevane kan utforske kor raskt vann renn gjennom ulike typar jordsmonn. Dei kan undersøkje kor store jordpartiklane er i ulike typar jordsmonn ved å bruke ei vanleg lupe eller ei stereolupe. Mengda vatn i jorda påverkar også kor raskt vatn vil renne gjennom den. Elevane kan derfor gjere undersøkingar med både tørr og våt jord.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Forskerspiren
      • formulere naturfaglige spørsmål om noe eleven lurer på, foreslå mulige forklaringer, lage en plan og gjennomføre undersøkelser
      • samtale om hvorfor det i naturvitenskapen er viktig å lage og teste hypoteser ved systematiske observasjoner og forsøk, og hvorfor det er viktig å sammenligne resultater