Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 3-4

Babyar

Kvifor legg ikkje menneske egg slik som fuglar? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Det er ikkje eitt enkelt svar på kvifor menneske ikkje legg egg med skal. Fosterutvikling inne i kroppen er sikrare og meir effektivt. Det resulterer vanlegvis i eit større avkom som kan vere meir utvikla ved fødselen. Eit menneskjeegg ville trunge eit veldig tjukt skal, og det kunne bli eit problem for babyen å bryte seg ut av egget. Dersom menneskje hadde lagt egg, ville vi ha utvikla andre tilpassingar, som å grave ned egga eller lage ein type reir for å leggje egga i.

Kommentarer/praktiske tips

Dette er ein situasjon som elevane ikkje kan teste eksperimentelt. Ved å studere fosterutviklinga og åtferd knytt til reproduksjon hos ulike dyr, kan dei bli kjende med fellestrekka og korleis reproduksjonen og utviklinga til menneske samsvarer med andre. Elevane kan diskutere andre konsekvensar av egglegging. Elevane kan også diskutere tilfelle der egglegging ville vore praktisk.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 7. årstrinn
    • Kropp og helse
      • beskrive utviklingen av menneskekroppen fra befruktning til voksen