Diskusjonsoppgave

På fjellet

Kvifor er det vanlegvis ein annan temperatur på fjellet enn i låglandet? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Atmosfæren blir tynnare med høgda over havet, det vil seie at det blir større avstand mellom luftpartiklane. Partikkeltettleiken blir mindre jo høgare opp vi kjem i atomosfæren. Luft i store høgder kan derfor ikkje halde på så mykje energi som luft vanlegvis kan i låglandet. Vanlegvis er det derfor lågare temperatur i høgda enn ved havoverflata.

Kommentarer/praktiske tips

Praktiske undersøkingar av dette fenomenet er ikkje enkelt. Det enklaste vil vere å finne fram til data om temperatur og høgde over havet frå meteorologiske nettstader eller andre oversikter.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 4. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • registrere og beskrive egne observasjoner av vær, måle temperatur og nedbør og framstille resultatene grafisk
  • Etter 7. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • beskrive sentrale egenskaper ved gasser, væsker, faste stoffer og faseoverganger ved hjelp av partikkelmodellen