Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Trekk opp

Kor mykje raskare går ein bil dersom du trekkjer den opp dobbelt så mykje? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Trekk opp

Faglig forklaring

Når vi trekkjer opp fjøra til bilen, vil fjøra lagre energi som igjen kan få bilen til å bevege seg. Dersom fjøra trekkjast opp meir, vil meir energi bli lagra og bilen vil vanlegvis gå lenger. Bilen vil også vanlegvis gå raskare. Men samanhengen er ikkje lineær mellom talet på omdreiingar, mengda energi lagra i fjøra, bilen sin fart og strekning som bilen køyrer. Det er ikkje lett å føreseie fart og strekning dersom fjøra blir trekt opp dobbelt.

Kommentarer/praktiske tips

Ein opptrekkbar bil kan brukast til å finne samanhengen mellom talet på opptrekk, resulterande fart og tilbakelagt strekning. Ei systematisk undersøking kan gjerast der talet på opptrekk blir skrive ned og den tilbakelagte strekninga til bilen blir målt. Fart er ikkje like enkelt å måle. Men med ei nøyaktig klokke eller dataloggar kan elevane måle tida det tek for bilen å tilbakeleggje ei førehandsbestemd strekning. Ein graf vil nå kunne gi ein peikepinn på samanhengen mellom lagra energi, farten og tilbakelagt strekning.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.