Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7

Nye planter

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om formeiring hos planter og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Dette er ei grubleteikning med meir enn eitt riktig svar. Dersom berre blomen blir planta, vil den sjeldan vekse opp til ei ny plante. Derimot vil frø, delar av stengelen og delar av rota ofte kunne vekse opp til nye planter. Hos nokre artar (for eksempel piletre) vil nesten alle delar av stengelen og rota vekse opp til ei ny plante. Andre artar er mindre livskraftige slik at stengel- eller rotdelar ikkje veks opp til ei ny plante. Det er vanskeleg å generalisere eller føreseie nøyaktig kva som kjem til å skje med eitt bestemt planteindivid.

Kommentarer/praktiske tips

Dette kan vi undersøke ved å bruke forskjellige planteartar. Vi kan plante delar av stengel, rot, blom eller frø, og elevane kan over tid observere kva som skjer. Mange ugrasplanter, som skvallerkål, spreier seg lett nett fordi små delar av stengel eller rot lett veks opp til nye planter.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 4. årstrinn
    • Mangfold i naturen
      • samtale om og sammenligne livssyklusen til noen plante- og dyrearter
      • observere, registrere og beskrive endringene som skjer med et tre eller en annen flerårig plante over tid
  • Etter 7. årstrinn
    • Forskerspiren
      • formulere naturfaglige spørsmål om noe eleven lurer på, foreslå mulige forklaringer, lage en plan og gjennomføre undersøkelser
      • samtale om hvorfor det i naturvitenskapen er viktig å lage og teste hypoteser ved systematiske observasjoner og forsøk, og hvorfor det er viktig å sammenligne resultater
    • Mangfold i naturen
      • undersøke og beskrive blomsterplanter og forklare funksjonene til de ulike plantedelene med tekst og illustrasjon