Diskusjonsoppgave

Passer for

  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7

Musklar

Korleis fungerer musklane? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Faglig forklaring

Denne organiseringa av musklane kan vi lettast observere i armen. Når eit tungt objekt blir løfta eller armen blir pressa mot ei hard overflate, vil ulike musklar i armen vere involvert. Når musklane trekker seg saman, kjennest dei harde og stramme, mens dei er mjukare når dei er avslappa. Vi kan observere samantrekning og avslapping av muskulatur i par av musklar. Denne samanhengen kan vi modellere ved å bruke ein ledda papparm-modell med strikk som muskulatur.

Kommentarer/praktiske tips

Kunnskap om krefter omfattar læring av skuv og drag. Når ein muskel flyttar armen ved å trekke, verkar det naturleg at ein annan muskel skyver armen tilbake til utgangsposisjonen. Men dette er feil! Musklar kan berre trekke seg saman eller slappe av. Dei er organiserte i par slik at nokre musklar trekker armen i den eine retninga, og andre musklar trekker armen i den motsette retninga.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 4. årstrinn
    • Kropp og helse
      • beskrive i hovedtrekk hvordan menneskekroppen er bygd opp
      • beskrive skjelettet og muskler og gjøre rede for hvordan kroppen kan bevege seg