Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10

Kva kjenneteiknar tang?

Målet med denne økta er å bli kjend med nokre ulike typar tang og korleis dei ulike artane har tilpassa seg miljøet i fjæra.

 

Førebuing

For å finne flest artar må de kunne gå lengst mogleg ut i fjæresona. Bruk tidvasstabellen https://www.kartverket.no/til-sjos/se-havniva til å finne ut når det er lågvatn. Be elevane ha med seg støvlar.

Til å bestemme dei ulike tangartane kan de bruke bestemmingsdukar, havflora eller skrive ut bilde av tangartar og laminer arka. Eksempel:

Sikkerheit

I Noreg kan vi trygt hauste tang og tare, sidan det ikkje er påvist giftige artar her.

Når vi skal ferdast nær sjøen, er det nokre faremoment det er ekstra viktig å tenke gjennom: Nokon kan hamne i vatnet/sjøen, og fjæresona kan vere veldig glatt. Vurder kva du vil gjere for å førebygge at dette skjer og kva du vil gjere dersom uhellet er ute. Nokre tips er:

  • Pass på at elevane er godt skodde.
  • Sørg for at elevane og du har kontakt med kvarandre.
  • Avgrens området elevane kan ferdast i og kor lenge dei skal halde på med oppgåva.

Ute, 60 minutt

Samle elevane i ein halvsirkel rundt deg. Sei til elevane at dei i denne økta skal undersøke nokre ulike typar tang og finne ut korleis dei har tilpassa seg miljøet i fjæra. Dette skal dei gjere i fleire rundar.

Spør dei kva som er spesielt for fjæresona [at tidvatnet går opp og ned så artene som lever der er berre deler av tida under vatnet]. Fortel at algar er ei samlenemning for planteliknande organismar som har fotosyntese og lever i fuktige miljø. Dei store algane som lever i sjøen og sit fast, kallast tang og tare, og dei finst det mange ulike artar av. Tang lever hovudsakleg i fjæresona, tare trivst vanlegvis lenger ut på djupare vatn. 

I første runde skal dei i løpet av ti minutt finne tilpassingar hos ulike tangartar som gjer at dei kan leve i fjæresona.

Gi eit lydsignal når elevane skal samlast igjen. La nokre grupper få fortelje om éi tilpassing kvar. Summer opp:

  • Tangartane sit godt festa til underlaget slik at dei ikkje lausnar av bølger og straum.
  • Tangartane er bøyelege og robuste slik at dei ikkje knekker.
  • Tangartane har stor overflate for å ta opp nok sollys og næringsstoff frå vatnet.
  • Luftblærene som nokre av tangartane har, gjer at tangen flyter opp mot sollyset. 

I neste runde skal elevane finne så mange ulike artar tang som mogleg i løpet av ti minutt. De skal deretter legge tangartane utover og prøve å finne namnet på dei ved hjelp av tangatlas e.l. Samle elevane og få nokre av gruppene til å vise fram kva dei har funne og kva artane heiter. 

Sørg for at de har funne grisetang og/eller blæretang, og vis desse fram til elevane. Fortel at grisetang veks i to år før den første blæra blir danna. Etter dette blir det danna ei ny blære kvart år. Hos blæretang blir det danna eitt blærepar kvart år. Spør elevane om kor gamal grisetangen og/eller blæretangen dei har funne er.

I siste runde skal elevane lage forslag på kvifor dei ulike tangartane heiter det dei gjer. Her er det rom for morosame og kreative forslag. Summer opp til slutt:

  • Grisetang og sauetang har fått namna fordi dei blir / har blitt brukt som dyrefôr.
  • Sagtang har fått namnet på grunn av den tagga kanten.

 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)