Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Gjennomføring av økt 2

Ark 11. Repetisjon. Repeter forrige økt ved å spørre kva elevane hugsar og ved å gå gjennom nøkkelsetningane: 

Karbon er grunnlag for alt liv på jorda.
Det er karbon i alle levande organismar.
Karbon finst i mange kjemiske sambindingar.
Karbondioksid er ein klimagass.
Den naturlege drivhuseffekten er ein føresetnad for liv på jorda.
Auka drivhuseffekt fører til klimaendringar.

 

Ark 12. Diskusjonsaktivitet. Spør: Korleis kan eit karbonatom frå eit gresstrå ende opp i eit eple på eit tre? Del ut bildekort, og la elevane jobbe i par. Be dei først om bruke nokre av korta som er merkte med C for å vise ei mogleg løype for karbonatomet. Presiser at det finst fleire moglege løyper. Ta bilde av ulike løysningar som du set inn i PowerPoint-presentasjonen på ark 13.

Ark 13. Ulike løysingar. Vis bilda av dei ulike løypene. Diskuter kva som er likt og ulikt. Få fram at i alle løypene går karbon via atmosfæren. Vent med å korrigere eventuelle feiloppfatningar til etter at elevane har sett på animasjonane. 

Ark 14. Fotosyntese og celleanding. La elevane opne og undersøke animasjonane på viten.no som viser fotosyntese og celleanding. La dei også svare på oppgåvene.

Ark 15. Neste steg er å plassere celleandings- og fotosyntesekorta der dei meiner dei høyrer heime i løypene elevene har laga, der karbonatomet går frå ei sambinding til ei anna. Be elevane beskrive med eigne ord kva som skjer i desse to prosessane. Tredje steg er å plassere kort som viser andre ting (sol, oksygen, vatn). Dersom nokon vil vite meir om dei to prosessane kan dei sjå dei meir avanserte filmane.

Ha ei runde i plenum der nokre elevpar fortel kvar dei har plassert celleanding og fotosyntese. Rett opp i eventuelle misoppfatningar om at karbon kjem inn i plantene på andre måtar enn gjennom karbondioksid i fotosyntesen. Poengter også at planter har celleanding slik som dyra. Nemn eit eksempel på ei kort løype (dersom det ikkje er nokon elevar som har nemnt dette) der gras slepp ut karbondioksid til atmosfæren gjennom celleanding og epletre tar opp karbondioksid frå atmosfæren gjennom fotosyntesen. 

Ark 16. Fotosyntesen. Be elevane velje ein av stadane dei har sett inn fotosyntese som prosess og beskrive kva som går inn og kva som går ut i denne prosessen. Del ut informasjonsarket, slik at elevane kan bruke informasjonen derfrå dersom dei vil beskrive prosessen på mikronivå.

Ark 17. Balansere reaksjonslikning. Vis fotosyntesereaksjonen med kjemiske formlar. Peik på at det står tal foran nokre av stoffa. Spør om dei veit kva desse tala betyr [kor mange molekyl det er]. Be elevane fortelje kvarandre kor mange atom det er av kvart grunnstoff før og etter reaksjonen. Sei at det alltid må vere like mange atom av kvar type på kvar side av pila, da seier vi at reaksjonslikninga er balansert.

Ark 18. Massebevaring. Forklar kva massebevaring vil seie ut frå eksempelet med fotosyntese. Knyt dette gjerne saman med reaksjonen for celleanding. 

Ark 19. Krinsløpet til karbon. La elevane opne animasjonen for å følge karbon rundt frå sambinding til sambinding i eit krinsløp. Be dei setje ord på kva som skjer i løpet av runden. Sei at dette er ein modell av krinsløpet til karbon. Modellen får fram korleis karbon flyttar seg mellom ulike stadar.

Ark 20. Kople til oppdraget. Spør elevane kva dei nå veit som dei kan bruke for å løyse oppdraget.