Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Gjennomføring av økt 1

Ark 3–4 i PowerPoint. Presentere oppdrag. Del ut oppdragsbrevet slik at elevane kan lese gjennom. Fortell at oppdraget er at elevane skal gi råd om tiltak for å stabilisere eller redusere mengda karbondioksid i atmosfæren. Presiser at dei ikkje skal finne på eigne tiltak, men velje ut frå det dei les om. Kva bør Noreg satse på? Elevane skal til slutt presentere tiltaket sitt gjennom ei valfri plattform som kan nå politikarane. Repeter frå Viten-programmet Klimaendringar at meir karbondioksidgass i atmosfæren aukar drivhuseffekten. 

Del ut ark om måloppnåing til kvar elev. Sei at dette er vurderingskriteria for oppdraget som dei skal bruke undervegs for å vurdere si eiga læringsprosess og for summativ vurdering i slutten av opplegget. Minn dei på dette undervegs i opplegget.

Ark 5. Leseoppdrag 1. Sei at teksten Karbon gjør at vi lever – og kanskje at vi dør er eit intervju med ein forskar som har skrive ei heil bok om karbon. Be elevane reflektere over kva dei trur overskrifta «Karbon gjør at vi lever – og kanskje at vi dør» kan bety. 

Be dei lese heile teksten og streke under den eller dei opplysningane om karbon eller karbonsambindingar som overraskar dei mest. La dei diskutere vala sine i elevpar. La elevpara komme med hovudpunkta frå diskusjonen i plenum. 

Ark 6–7. Sortere bilde. Les opp utdraget frå teksten som seier at karbon finst i nesten alt som omgir oss. Del ut bildekorta til kvart elevpar. Be dei sortere bilda etter om dei trur dei viser noko som inneheld karbon eller ikkje. La elevpara komme med forslag på begge kategoriar, og be dei begrunne svara sine [levande organismar inneheld karbon, kjemisk formel med eller utan C]. Her vil nokre av elevane ha fleire forkunnskapar enn andre. Ut frå det som kjem fram kan elevane endre på sorteringa si i ei ny runde.

Ark 8. Leseoppdrag 2. Sei at når Hessen i den same teksten blir spurd «Er karbonet en venn eller fiende?» svarar han «– Jeg vil si venn. Det er grunnlaget for alt liv, siden det er med og lager levelige forhold på planeten vår. [svaret fortsetter] …» Be elevane lese teksten ein gong til og streke under setningar som støttar påstanden «Det er grunnlaget for alt liv, siden det er med og lager levelige forhold på planeten vår.» Be elevane diskuter vala sine i elevpar. La elevpara dele hovudpunkta frå diskusjonen med resten av klassen. 

Ark 9. Kople til oppdraget. Spør elevane kva dei veit nå som kan hjelpe dei med å løyse oppdraget. La dei snakke saman i par om kva for tiltak dei vurderer å velje og korleis karbon inngår i tiltaka.