Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Dansande rosiner

I denne aktiviteten kan barna utforske kva som skjer med rosiner i kolsyrehaldig vatn. De kan koble aktiviteten til kva som flyt og søkk, og til observasjonar om forskjellen mellom vatn med og utan kolsyre (CO2).

Rosiner i farris og vann

 

 

Hell litt væske av flaskene og putt deretter nokre rosiner i kvar flaske. Start gjerne med flaska utan kolsyre. Alternativt kan de helle vatn med og utan kolsyre forsiktig opp i kvart sitt store glas. Putt så nokre rosiner i kvart glas. Studer nøye kva som skjer.

Dei kan sjølve utforske kva som skjer når dei held flaska på ulike måtar eller ristar ho. Kva skjedde i dei forskjellige flaskene? Har barna nokre forklaringar på det som skjer?

 

 

 

 

Materialer og utstyr

  • ei flaske (1,5 l) vatn utan kolsyre
  • ei flaske (1,5 l) kolsyrehaldig vatn
  • rosiner