naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Besøk oss på:
Utstyrsbeskrivelse
Passer for
- barnetrinn 1-2
- barnetrinn 3-4
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
Magisk kylling
Magisk kylling
Denne magiske kyllingen pip når kretsen er slutta.
Det må gå straum gjennom kyllingen for at han skal pipe. Dersom vi held på begge polane, går straumen gjennom oss, og vi har ein såkalla slutta (samanhengande) krets. Kretsen må vere slutta for at straumen skal gå. Med ein gong vi lagar ei opning i sirkelen, bryt vi kretsen og straumen stoppar. Klede vil isolere og stoppe straumen. Det vil først og fremst vere når vi held kvarandre i hendene at straumen går gjennom. Hendene er litt meir fuktige enn f.eks. panna. Inni kyllingen er det eit lite batteri og noko elektronikk som gjer dette forsøket mogeleg. Ein elektronisk komponent som kallast transistor gjer det mogeleg for ein liten straum å opne for ein større straum som gir lyd i kyllingen.
Kyllingen kan bestillast på ulike nettstader. Norske naturfagleverandørar har tilsvarande produkt som lagar lyd og/eller lys, f.eks. energiball (sjå lenker til høgre).
Tilknytning til utgående læreplan (LK06)
Læreplan i naturfag
- Etter 7. årstrinn
- Fenomener og stoffer
- gjøre forsøk med magnetisme og elektrisitet og forklare og presentere resultatene
- Fenomener og stoffer
- Etter 10. årstrinn
- Fenomener og stoffer
- bruke begrepene strøm, spenning, resistans, effekt og induksjon til å forklare resultater fra forsøk med strømkretser
- Fenomener og stoffer
Nettressurser
(no. frederiksen. eu)