Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • barnetrinn 3-4

Test av tusjar

Kva trur du skjuler seg i ein svart tusj?

Lag ein tusjstrek på ein filterlapp. Sett den nedste delen av filterlappen ned i vatn, men pass på at tusjstreken ikkje kjem under vatn. Følg med på kva som skjer. 

Prøv med ein annan tusj. Skjer det same nå?

Her ser du at den turkise fargen følgjer lengst opp med vatnet. Her ser du at den turkise fargen følgjer lengst opp med vatnet.

Faglig forklaring

I kromatografi utnyttar vi at ulike stoff kan bli skilde/separerte fordi stoffa har ulike eigenskapar. I papirkromatografi utnyttar vi eigenskapane til papir, vatn og pigmenta i vassløyselege tusjar. Vatn er eit løysemiddel for vassløyselege tusjar. Det vil seie at fargepigmenta i tusjen løyser seg opp i vatn. Dei ulike pigmenta har ulik evne til å løyse seg opp i vatnet, og dei har ulik evne til å feste seg til papiret. Når vatnet flyttar seg oppover filterpapiret, blir dei pigmenta som har lettare for å løyse seg i vatnet enn å feste seg til papiret, hengande med vatnet og flyttar seg raskare oppover papiret enn dei pigmenta som lettast festar seg til papiret. 

Dette er ein form for kromatografi. Elektroforese er ein liknande måte å skilje stoff på, som for eksempel blir brukt for å lage DNA-profil.

Kommentarer/praktiske tips

Aktiviteten kan gjerne settast inn i ei forteljande ramme, der elevane skal finne den skuldige. Teikn ein strek med ein av dei svarte tusjane på ein filterpapirbit. Fortell elevane at det har vore eit innbrot og at innbrotstjuven har brukt ein av desse tusjane. Politiet har tre mistenkte og har beslaglagt deira svarte tusjar. Elevane skal så finne ut kva for tusj som har satt igjen sporet, og dermed kven som er innbrotstjuven. 

Denne aktiviteten passar som elevaktivitet i smågrupper, der elevane sjølve kan prøve ut. Dei kan eksperimentere med ulike fargar. Produkta blir dekorative, slik at dei òg kan brukast som kunstverk.

Materialer og utstyr

  • minst tre ulike vassløyselege, svarte tusjar, eventuelt andre fargar
  • filterpapir/kaffifilter
  • vatn
  • begerglas

Tema

Kan utføres i sammenheng med