naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 3-4
- ungdomstrinn 8-10
Planter og dyr
Kva skjer med dyra dersom alle plantene døyr? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.
Faglig forklaring
Dersom alle planter døydde, ville også alle dyr døy. Dei fyrste som ville døy er planteetarane. I neste omgang ville rovdyra som et planteetarar døy. Grøne planter er basisen i praktisk talt alle næringskjeder og næringsnett, så utan desse ville livet på jorda stanse.
Kommentarer/praktiske tips
Det er vanskeleg å skaffe direkte eksperimentelle prov for dette, men det finst dataprogram som modellerer denne situasjonen. Resultat frå langtidsstudier av forholdet mellom predator-byttedyr finst i biologisk litteratur. Diskusjonen i seg sjølv støttar seg til påstandar, resonnement og berekningar basert på kor mykje mat vi forventar at kaninar og revar et og kor raskt dei formeirar seg.
Grunnleggende ferdigheter
Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.
Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.
Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.
Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1.
Elev 3 skal summere.