Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • barnetrinn 1-2

Riebangárdi

Riebangárdi er namnet på ein tradisjonell samisk uteleik som går ut på at ein rev skal fange harane som spring langs opptråkka spor i snø. Riebangardi betyr revegjerde.

Riebangardi

Førebuing

Gjer deg kjent med presentasjonen som skal brukast i etterarbeidet.

Skriv ut og klipp opp til kvar elevgruppe:

Tråkk opp snøen i dette mønsteret, i f.eks. 10 x 10 m:

Finn fram nettsida nordligefolk.no/sjosamene/kunst-musikk-litteratur/joik-2/ og sjekk at du får spelt av lydspora.

Ute, 30 minutt

Fortel elevane at dei skal leike ein samisk uteleik som handlar om ein rev og mange harar. Reven er svolten, og må ut for å finne mat. Spør elevane om dei veit kva reven et [Reven er veldig tilpasningsdyktig og kan ete smågnagarar, insekt, meitemark, fuglar, fisk, frukt, bær, matavfall, til og med små lam kan den ete], og kva eigenskapar haren har som gjer at det er vanskeleg for reven å fange haren [godt kamuflert på grunn av farge, veldig rask, og god høyrsle]. La elevane snakke to og to saman før dei tar ei oppsummering.

Forklar reglane i leiken: Frå start står den eleven som er rev i ringen (revehiet). Alle dei andre elevane (harane) står i «krysset» mellom spora. Når leiken startar, spring harane i dei opptråkka spora for ikkje å bli tatt av reven. Når ein hare blir tatt, blir dette den neste reven, og leiken startar på nytt igjen. Området i midten (krysset) er fristad.

Oppsummering etter leiken: Spør elevane om dei synast det var vanskelegast å vere rev eller hare. La elevane sette ord på kvifor.

Inne, 30 minutt

Bruk presentasjonen til å leie etterarbeidet.

Ark 1: Fortel at samisk kultur er prega av at ein gjennom mange generasjonar har vore tett knytt til og avhengig av naturen. Leiken vi leikte ute heiter Riebangardi, og er ein samisk leik. Den handlar om korleis ting heng saman i naturen. Reven må skaffe seg mat (her var det harar) for å overleve, og haren må vere flink til å springe raskt og til å gøyme seg for å overleve.

Ark 2: Fortel til elevane at da vi var ute, snakka vi om at haren var kvit, slik at den kunne kamuflere seg i snøen. Men er den alltid kvit? La elevane komme med forslag, og summer opp.

Ark 3: Del elevane inn i grupper på to–tre elevar. Spør elevane kor mange årstider dei kjenner til, og kva årstid vi er inne i no. Be dei snakke saman to og to om kva som er typisk for / kva som kjenneteiknar dei ulike årstidene. Del ut fire bilde som viser ulike årstider, til kvar gruppe. Be dei starte med å legge fram bildet av årstida vi er inne i no, og så i rekkefølge dei neste årstidene. Summer opp når gruppene er ferdige.

Ark 4: Gi kvar gruppe eitt bilde av ein kvit hare, og eitt bilde av ein brun hare. Be dei legge harane på dei årstidsbilda gruppa tenker dei passer best og diskutere forklaring på valet. Summer opp.   

Ark 5: Fortel elevane at i samisk kultur brukast det åtte årstider for å beskrive kva som skjer i naturen, og kvar aktivitetar som skal gjerast i ulike delar av året (sanking av bær og urter, flytting av rein …)

Ark 6: Fortel elevane at samar tradisjonelt har brukt song til å uttrykke ulike dyr, naturtypar eller menneske? Joik er ein tradisjonell måte å synge på, og den syngast alltid utan å bruke instrument ved sida av. Fortel at dei skal få høyre to dyrejoikar. Greier dei å gjette kva dyr joikane handlar om? Er det reinsdyr, mygg, bjørn, rev eller hare?

Be dei diskutere i gruppene, og lage ei forklaring på kvifor dei trur det er akkurat dette dyret.

Ark 7: Avslutt med å øve på den samiske elle-regla.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 2. trinn
      • oppleve naturen til ulike årstider, reflektere over hvordan naturen er i endring, og hvorfor året deles inn på ulike måter i norsk og samisk tradisjon (KM788)
  • Læreplan i kroppsøving (KRO01-05)

    Kompetansemål

    • 2. trinn
      • leike og vere med saman med andre i aktivitet i varierte bevegelsesmiljø (KM2062)
      • forstå og praktisere enkle reglar for samspel i ulike bevegelsesaktivitetar (KM2064)
  • Læreplan i norsk (NOR01-06)

    Kompetansemål

    • 2. trinn
      • utforske og samtale om oppbygningen av og betydningen til ord og uttrykk (KM1261)