Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7

Korleis jobbar ein oppfinnar?

Målet med denne økta er at elevane skal finne opp eit sitjemøbel til ein bestemt rollefigur. Dei brukar snø som modellmateriale og blir kjende med omgrepa brukar, brukarbehov og funksjon. 

Hvordan jobber en oppfinner?

Førebuing

Skriv ut arket med oversikt over rollefigurar. Legg gjerne til eigne forslag til rollefigurar. Her kan du for eksempel bruke det du veit om interessene til elevane (f.eks. kjende fotballspelarar, dinosaurar osv.). 

Gjer deg kjend med PowerPoint-presentasjonen til etterarbeidet: bokmål | nynorsk

Ute, 30 min

Fortel at elevane skal byggje ein modell i snø av ein stol eller eit anna sitjemøbel. Stolen skal dei tilpasse ein bestemt rollefigur, for eksempel ein rektor eller ein superhelt. Sei at dei skal bruke fantasien når dei byggjer, og at snø og andre materiale dei brukar kan førestille kva som helst.

Del inn elevane i grupper på tre. Gi kvar gruppe to rollefigurar å velje mellom frå arket, og be dei bli einige om ein som dei går vidare med. Fortel at når gruppene er ferdige å bygge, skal dei kort få presentere sitjemøbelet sitt for dei andre og fortelje på kva måte det passar til rollefiguren deira. Fortel at gruppene skal bruke 10 minutter på å lage sitjemøbelet, og 1-2 minutt til å presentere møbelet etterpå.

La gruppene spreie seg rundt i området og starte bygginga. Gå rundt til gruppene og rettlei der det trengst. Om nokon blir fort ferdige, kan du for eksempel stille spørsmål om korleis sitjemøbelet passar til rollefiguren deira, og ev. oppfordre dei til å vidareutvikle møbelet enda meir.  

Gjennomfør ein presentasjonsrunde der gruppene fortel om sitt sitjemøbel og korleis det passar til rollefiguren deira. Om det er mange grupper, kan du i staden la to eller tre grupper gå saman for å fortelje for kvarandre.

Etterarbeid, 30 min

La elevane setje seg i dei same gruppene som ute.

Bruk PowerPoint-presentasjonen.

Ark 2 i presentasjonen: Ta utgangspunkt i dei tre oppfinningane i presentasjonen, og la gruppene diskutere spørsmåla. Summer opp omgrepa brukar, brukarbehov og funksjon.

Ark 3: La gruppene diskutere sitjemøbelet sitt:

  • Kven er brukaren?
  • Kva er brukarbehovet?
  • Kva er funksjonen?

Fortel at gruppene snart skal forbetre sitjemøblet sitt slik at det er enda betre tilpassa brukarbehovet til rollefiguren.

Ark 4: Samtal om kva behov dei ulike stolane dekker.  

Ark 5: Fortel at elevane nå skal få vidareutvikle ideen sin. Dei skal diskutere korleis dei kan forbetre sitjemøbelet sitt enda meir til brukaren sin, og at brukaren skal få enda eit behov dei skal ta omsyn til.

Be gruppene velje ut eitt av adjektiva i tabellen som dei skal ta omsyn til når dei vidareutviklar ideen sin.

Be gruppene lage ei teikning av snømodellen med forbetringane. Be dei tenke gjennom og vise på teikninga kva materiale dei ville valt i det verkelege sittemøblet.

Ark 6: La kvar gruppe kort presentere sittemøbelet sitt:

  1. Kven skal bruke det?
  2. Kan behov dekker det?
  3. Korleis fungerar det?
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Teknologi (KE68)

    Kompetansemål

    • 4. trinn
      • designe og lage et produkt basert på en kravspesifikasjon (KM798)
    • 7. trinn
      • designe og lage et produkt basert på brukerbehov (KM774)