Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Endre ein gjenstand som søkk slik at han kan flyte

Dette er eit forsøk der borna kan erfare at ein kan endre ein gjenstand slik at han går frå å søkke til å flyte eller motsett.

Vann flyte eller synke

Eit forsøk der borna kan erfare at ein kan endre ein gjenstand slik at han går frå å søkke til å flyte eller motsett. Omgrep som kan vera i fokus er tettleik, tyngre eller lettare enn vatn.

Plastelinaen søkk, men kan formast til ein båt som flyt. Ei tom plastflaske flyt, men ligg tyngre og tyngre i vatnet til ho til slutt søkk når ho er full med vatn. Aluminiumsfolie søkk, men kan formast som ein båt som vil flyte. Det er lett å laga ein kjøl på båt av aluminiumsfolie. Då er det fint å legga for eksempel småstein oppi, då ser borna at båten flyt som ein båt skal gjera. Elles vil den ligga på sida. Eit ordinært stearinlys flyt liggande når ein legg det i vatn, og ein spiker søkk. Visst ein pressar spikaren inn i lyset kan ein få lyset til å flyta ståande. Spikeren vil no flyta. 

 

 

Materialer og utstyr

  • Eit kar
  • Vatn
  • Tom flaske
  • Plastilina
  • Aluminiumsfolie
  • Stearinlys
  • Spiker