naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Jakta på størst eller minst, kortast eller lengst
I denne aktiviteten utforskar vi naturen samtidig som barna får trening i å bruke matematiske omgrep.
Aktiviteten passar fint på ein turdag i skogen. Gi barna i oppgåve å finne gjenstandar som er størst, minst, kortast og lengst.
Kven kan finne det største eller minste bladet, kongla, insektet, steinen eller soppen? Moglegheitene er mange. Kven kan finne den lengste eller kortaste pinnen, blomsten eller treet?
Diskuter også om noko er like stort eller større, like langt eller lengre. Lag ei utstilling over det de finn på ein stein eller ein annan eigna stad. Kan de sortere etter størrelse? Kan de måle ved hjelp av fingrane og hendene? Pinnar kan også brukast som målereidskap. Eller kanskje de vil bruke tråd eller måleband? De kan leike med andre viktige omgrep også som høg og låg, tynn og tjukk, lett og tung.
Tilbake i barnehagen /på skolen kan barna teikne noko av det dei fann på turen.
Aktiviteten kan gjerast under ein turdag utan spesielle førebuingar, men han kan også spreiast over fleire dagar kor de har fokus på ulike omgrep kvar gong.
Aktiviteten passar best vår eller haust. Men han kan også gjerast om vinteren, men da er det kanskje ikkje så mange insekt. Derimot kan vi da ha for eksempel istappar eller snøballar.
Visste du at ...
... forskarar jobbar på same måte når dei skal beskrive ei heilt nyoppdaga plante. Dei må finne ut kva for planter som er større og mindre enn denne. Om ho er lang eller kort og om blada er tjukke eller tynne.
Rammeplanen
For lærere på småtrinnet:
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
Materialer og utstyr
- steinar, kongler, pinnar, blad eller anna frå naturen
- måleband