naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Undervisningsopplegg
Økt 3: Designe eller forbetre eit produkt
I denne økta skal elevane designe eit teknologisk produkt eller gjere forbetringar på eit produkt slik at det blir meir berekraftig. Dei skal vurdere i kva fasar i livsløpet til produktet dei vil gjere endring, og på kva måte endringa er meir berekraftig. Kvar gruppe skal lage ein reklame (film, poster, brosjyre eller liknande) for produktet/produktforbetringa der dei argumenterer for på kva måte endringa bidrar til ei meir berekraftig utvikling.
Læringsmål
Elevane skal kunne:
- foreslå forbetringar av eit teknologisk produkt eller designe eit teknologisk produkt
- bruke dei tre dimensjonane av berekraftig utvikling til å lage argument som støttar deira forslag til løysing på oppdraget
Tidsbruk
Repetere frå førre økt | 5 minutt |
Livsløpsskjema | 15 minutt |
Om berekraft, livsløp og reklame | 10 minutt |
Om vurdering | 5 minutt |
Arbeid med oppdraget | 45 minutt |
Oppsummering | 10 minutt |
TOTALT | 90 minutt |