Hopp til hovedinnhold
Undervisningsopplegg

Økt 2: Kva betyr det at noko er berekraftig?

økt 2 I denne økta skal elevane lære om dei tre dimensjonane av berekraftig utvikling. I slutten av økta skal dei knytte denne kunnskapen til oppdraget ved å tenke på korleis deira eige produkt skal bli meir berekraftig.

Læringsmål

Elevane skal kunne

  • gi eksempel på dei tre dimensjonane av berekraftig utvikling

Tidsbruk

Sortere utsagn 15–20 minutt
Sjå film om berekraftig utvikling 15–20 minutt
Revidere sortering 10–15 minutt
Velje produkt til oppdraget 10–20 minutt
Oppsummer om oppdraget 10–15 minutt
TOTALT 60–90 minutt