Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1

Korleis går lyset om natta?

8.3 Grubleteikning - Korleis beveger lyset seg om natta (nynorsk)

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Gi elevane i lekse å lyse med ei lommelykt mot nattehimmelen og tenke gjennom kor langt dei trur lysstrålene går. Be dei også bruke lommelykta til å signalisere til kvarandre to og to, og undersøke kor langt frå kvarandre dei må gå for ikkje å sjå lyset. Oppsummer erfaringane i plenum på skolen.

Spør: Kor langt unna trur de vi kan sjå lys? Be dei tenke på lys vi kan sjå frå fly eller på satelittbilde av jorda. Sei: På ei klar natt kan vi sjå stjerner på himmelen. Kor langt trur de lyset går frå de nærmaste stjernene og til jorda? [frå sola: ca. 149 600 000 km, omtrent 8 minutter; frå nærmaste stjerne (Proxima Centauri): ca. 40 billioner km, omtrent 4,2 lysår]

Sei: Lys går veldig raskt, nesten 3 millionar m/s. Det går i ei rett linje dersom det ikkje blir brote, absorbert eller bøygd av noko på vegen. Om natta ser lys lysare ut enn på dagen fordi det blir kontrast mellom lys og mørke. Likevel går ikkje lyset lenger eller raskare enn på dagen. Lys kan bli spreidd i ulike retningar når det treff små luftpartiklar. Når de ser ei lys sky, er det lys som har gått gjennom ho og blitt spreidd av vassdråpene i skya. Når lys går over lange avstandar, blir mykje av det spreidd av partiklar, slik at vi ikkje ser det så godt. Forskarar brukar laserlys til å måle avstanden mellom jorda og månen. Dei sender laserpulsar mot månen og måler tida det tar før det blir reflektert av månen og kjem tilbake til utgangspunktet. 

Be elevane lage ei oversikt over korleis laserar blir bruka for å måle avstandar i dagleglivet. Be dei også finne på nokre nye idear til bruk.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • Vg1 SF
      • utforske og beskrive elektromagnetisk og ioniserende stråling, og vurdere informasjon om stråling og helseeffekter av ulike strålingstyper (KM817)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

lommelykt

Læringsressurs