Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1

Farga skuggar

8.1 Grubleteikning - Farga skugger (nynorsk)

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål | nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Bruk raudt, blått og grønt filter og lommelykter for å lage lys med ulik farge. La ein elev lyse ei lommelykt gjennom raudt filter, ein annan gjennom blått filter og ein tredje gjennom grønt filter. Spør: Kva trur de vil skje om alle lyser på same gjenstand? La dei tre elevane lyse på ein gjenstand frå ulike vinklar og be alle elevane observere kva som skjer der lyset overlappar. La elevane utforske forskjellar og likskapar dersom dei brukar kvitt lys i staden for farga. Spør: Kva trur de skjer om vi lyser farga lys på overflater med ulike fargar? 

Sei: Vanlegvis tenker vi skuggar som noko som blir danna når kvitt lys som kjem frå ei kjelde og blir blokkert av ein ugjennomskinleg gjenstand. Det kjem ikkje noko lys til området bak gjenstanden, så det blir danna ein skugge av gjenstanden. Dersom det kjem lys frå meir enn ei lyskjelde, blir det danna fleire, men oppdelte, skuggar. De kan sjå dette med lyskastar på ei scene. Dette er komplisert fordi lyset er farga, ikkje kvitt, og kjem frå meir enn ei kjelde. Dersom raudt og grønt lys kjem frå ulike retningar, kastar skodespelaren ein skugge der det raude lyset er blokkert og ein annan skugge der det grøne lyset er blokkert. Skuggen der det raude lyset er blokkert, er grøn fordi det grøne lyset fortsatt lyser på den delen av scena. Skuggen der det raude lyset er blokkert, er raud. Der primærfarga lys overlappar får vi ein sekundærfarge. For eksempel gir grønt og raudt lys saman gult lys. 

Be elevane skrive instruksjonar til lysfolka på ein konsert for å få ulike lyseffektar.

 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Teknologi (KE68)
    • Energi og materie (KE69)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

raudt, blått og grønt filter, for eksempel cellofan
tre lommelykter