Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 1
  • fysikk 2
  • kjemi 1
  • kjemi 2

Kva skjer når sukker løyser seg opp?

 

5.4 Hva skjer når sukker oppløses NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Sei at du skal løyse opp litt sukker i ei lita mengde med varmt vatn i eit begerglas. Spør: Korleis kan vi sjekke om volumet eller massen endrar seg? Bruk tenk-par-del . Sett eit merke for å marke vassnivået. Veg begerglaset med vatn. Tilsett sukker og observer om vassnivået endrar seg. Veg glaset etter tilsetjinga. Spør: Er det noko anna som endrar seg når sukkeret løyser seg? Sett til meir sukker i vatnet og sjå kva som skjer. Spør: Kan vi tilsetje så mykje vi vil og få det løyst opp? Skjer det same dersom vi tar salt i vatn? Endrar tettleiken til vatnet seg? 

Be elevane føreseie kva dei trur vil skje til volumet dersom dei blandar to ulike væsker, for eksempel vatn og etanol, og kvifor dette skjer.

Faglig forklaring

Når vi løyser eit fargelaust fast stoff i vatn, ser det ut som om det faste stoffet forsvinn, men det er fortsatt der. Vi løyser sukker i varm te for å få teen til å smake søtt, så det må fortsatt vere der. Vi kan ikkje lage eller øydelegge sukkerpartiklane. Når vi har sukker i vatn, vil volumet til vatnet først auke. Etter kvart som sukkeret løyser seg blir sukkerkrystallane brotne ned til små partiklar og blande seg med vatnet ved å spreie partiklane inn blant vasspartiklane. Etter kvart som sukkerpartiklane og vasspartiklane pakkar seg tett saman, blir totalvolumet mindre. I fast sukker er det luft mellom krystallane, og denne lufta blir borte når sukker blir tilsett vatnet. Derfor er totalvolumet til blandinga mindre enn volumet til sukkeret og vatnet til saman. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)
    • 10. trinn
      • utforske kjemiske reaksjoner, forklare massebevaring og gjøre rede for betydninger av noen forbrenningsreaksjoner (KM838)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

sukker
varmt vatn
begerglas