Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Korleis får ein kaktus mat?

Ein kaktus manglar blad. Korleis kan han da drive fotosyntese?

 

2.4 kaktus NN

 

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om.

Vis ein kaktus eller eit bilde av ein kaktus. Spør: Har kaktusen blad? Kan de sjå piggane? Korleis er stengelen? Kva for farge har stengelen? Celler som driv fotosyntese er vanlegvis grøne. Kva for del av kaktusen trur de driv fotosyntese?  Be elevane diskutere to og to. 

Sei: Kaktusar er tilpassa eit liv i varmt og tørt klima. Be elevane finne ut korleis kaktusane er tilpassa dette. Spør: På kva for måte vernar dette kaktusane mot svoltne og tørste dyr? 

Be elevane tenke ut andre måtar planter kan vere tilpassa varme og tørre miljø og beskrive ei plante som kan overleve i et slikt miljø.

 

Faglig forklaring

I dei fleste planter skjer fotosyntesen i blada. Kaktusar er tilpassa i eit varmt og tørt miljø. Med blad ville mykje vatn ha fordampa og kaktusen ville ha døydd. Blada har derfor utvikla seg til piggar som vernar mot beitande dyr og gi noko skugge. Piggane driv ikkje fotosyntese, men det å ikkje ha tynne, flate blad minkar overflatearealet og dermed vasstapet. Fordi dei ikkje har fotosyntetiserande blad, har kaktusane utvikla større stenglar med fotosyntetiserande celler. Stengelen driv ikkje fotosyntese like effektivt som blad, så kaktusar veks sakte. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
      • gjøre rede for hvordan fotosyntese og celleånding gir energi til alt levende gjennom karbonkretsløpet (KM805)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

  • kaktus