Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Korleis blir eit embryo større?

Blir det fleire eller større celler i eit embryo?

 

Korleis blir eit embryo større?

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Be elevane snakke saman to og to om kva dei trur skjer med cellene i eit embryo når det veks. Be dei teikne skissa for å vise ulike løysingar og snakke om kva for ei løysing som er mest sannsynleg. 

Tekstoppdrag: Finn ut kor mange celler eit vaksent menneske har. Snakk om kvar desse cellene kjem frå. Spør: Kva trur de har skjedd når celler startar å dele seg ukontrollert?

 

Faglig forklaring

Menneske veks raskast i den tidlege fasen av livet. Ein enkelt celle veks og delar seg til to identiske celler. Kvar av desse cellene gjer det same og dannar fire celler. Denne prosessen fortset i eit embryo, slik at det blir danna 8 celler, 16 celler, 32 celler og så vidare. Det aukande talet av celler gjer embryoet større. Cellene er omtrent like store når embryoet veks. Når eit barn blir fødd, held cellene fram med å dele seg. Ein vaksen person har omtrent 100 billionar (1014) celler.

Dei fleste av cellene våre lever ikkje like lenge som oss. Celler døyr og må erstattast. I vaksne menneske blir det berre danna nye celler for å erstatte dei som døyr. Dei fleste celletypar kan bli erstatta ved celledeling eller differensiering av stamceller. Enkelte celletyper, som hjartemuskelceller og nerveceller, vil vanlegvis ikkje bli nydanna dersom dei døyr. 

Nokre spesialiserte celler, som nerveceller, kan vere veldig lange. Det er behovet for oksygen og næringsstoff som avgrensar kor store cellene kan bli. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere avhengige og uavhengige variabler og samle data for å finne svar (KM831)
      • sammenligne celler hos ulike organismer og beskrive sammenhenger mellom oppbygning og funksjon (KM843)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)