naturfag.no blir utvikla av Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa
Kontakt oss: post@naturfag.no Ansvarleg redaktør: Merethe Frøyland
Personvernerklæring
Tilgjengelegheitserklæring
- barnetrinn 5-7
- ungdomstrinn 8-10
Kvar finn vi lav?
Målet med økta er å la elevane bli kjende med hovudtypane lav og kunne gi eksempel på tradisjonelle kunnskap om lav.
Førebuing
Finn eit område i nærmiljø til skolen der det finst ulike typar lav og stein/fjell med skorpelav.
Les gjennom presentasjonen som kan brukes til etterarbeidet:
Skriv ut til kvart elevpar (og laminer gjerne slik at dei kan brukast fleire gonger):
- Lavoversikt, pdf: nynorsk | bokmål
- Kart over vinter og sommarbeite, pdf
Karta (sommarbeite og vinterbeite i Bodø-området) er henta frå kilden.nibio.no, men du kan sjølvsagt velje ein annan lokalitet.
Kvart elevpar treng i tillegg
- linjal
- brødpose/bakke e.l. til å samle lav i
Ute, 20 min
Samle elevane i ein halvsirkel rundt deg, og fortel at de i denne økta skal utforske lav og lære om kva lav kan brukast til. Del elevane i par, og fortel at dei skal finne så mange ulike lav dei kan. Dei skal ta bilde eller samle ein liten bit av kvart lav de finn og ha med inn til etterarbeidet. Spør om dei veit kvar dei finn lav og kva som kjenneteiknar lav før du eventuelt forklarer:
Lav har veldig forskjellig utsjånad, men dei blir kjenneteikna ved at dei ofte er ganske tørre. Lav toler både skugge/mørke og tørke godt. Derfor finn vi ofte lav på trestammer, kvistar og daud ved, steinblokker og bergveggar, og på bakken på fjellet.
Del ut arket med dei tre hovudgruppene av lav som elevane skal bruke til støtte i leitinga etter ulike typar lav.
Send elevane av garde, og sei at dei skal vere tilbake etter 10 minutt. Lag ev. lydsignal, og samle elevane i ein halvsirkel og spør korleis det har gått.
Fortel elevane at de no skal rekne ut alderen på skorpelav dei finn. Skorpelav kan bli fleire hundre år gamle, likar seg best på fjell/stein og veks veldig sakte: Radiusen utvidar seg 1–2 mm per år. Gi kvart elevpar ein linjal, og la dei måle radiusen på nokre av skorpelava, slik at dei kan rekne ut kor gamal lavet er. Gi elevane 5 minutt på å måle og rekne.
Summer opp kor gamle skorpelav dei har funne.
Etterarbeid i klasserommet, 40 min
Gå gjennom presentasjonen som viser korleis lav kan delast inn i grupper etter korleis dei ser ut og veks:
- busklav (for eksempel reinlav)
- skorpelav (for eksempel kartlav)
- bladlav (for eksempel kvistlav, islandslav)
La elevane sortere sine eigne funn i dei tre gruppene lav og ev. artsbestemme.
Ark 6: Del ut påstandsark, og sei til elevane at dei skal gjette kva for nokre av påstandane som er fleip og kva for nokre som er fakta. Sei at dei vil få svar på dette i løpet av økta, så det er lurt å følge med.
Ark 13: La elevane jobbe i par og beskrive forskjellen på vinter- og sommarbeite. Ta ei oppsummering i plenum.
Fortsett gjennomgang ved å bruke presentasjonen, som blir avslutta med fleip eller fakta om lav:
- Det heiter reinlav fordi det liknar på geviret til reinsdyret (fleip).
- Reinlav er ein type busklav (fakta).
- Det finst ca. 5000 forskjellige lavartar i Noreg (fleip, det finst ca. 2000 lavartar).
- Mykje skjegglav tyder på rein luft (fakta).
- Lav veks ofte meir enn 10 cm i året (fleip).
- Lav består eigentleg av to artar (fakta).
Tilknytning til læreplan (Fagfornyelsen, LK20)
-
Læreplan i naturfag (NAT01-04)
Kjerneelement
- Jorda og livet på jorda (KE70)
Kompetansemål
-
10. trinn
- gi eksempler på samers tradisjonelle kunnskap om naturen og diskutere hvordan denne kunnskapen kan bidra til bærekraftig forvaltning av naturen (KM822)
-
7. trinn
- gjøre rede for hvordan organismer kan deles inn i hovedgrupper, og gi eksempler på ulike organismers særtrekk (KM778)